The snowday of my life
Når våre to jenter starta med ponny-ridning for fire år sidan, hadde eg ikkje i min villaste fantasi sett for meg at vi skulle stå der vi gjer i dag.
Eg har teke fatt på ein lang draum om å starte opp med aktivitet på gården, og gleden av å få eige fire flotte hester i lag med ei av dei kjekkaste damene eg veit, er fantastisk!
Små valg i livet, kan føre til store gode, og vonde ting. Vi må alle jobbe for å nå våre mål, og den som intet våger, intet vinner. Det er skummelt å følge draumar, og periodevis vil ein føle seg lamslått av hindringar, men hadde vi ikkje hoppa når vi kjøpte Alvarr, hadde vi ikkje stått her vi gjer i dag.
Korona har med seg mange utfordringar, og vi har satt barneridninga på pause lenge nok no. Vi håper vi snart får starte opp igjen, så vi igjen får høre latteren og følge barna på deira mestringsreise.
Legg ved eit lite glimt av ein fantastisk snowday her på tunet 
