Rideturar ved Rongane Fjelltun
RideturarRongane Fjelltun som ligg i naturskjønne Sykkylven, brukar dette området som utgangspunkt for våre rideturar. Vi har ikkje så mange dyr på tunet enda, men hos oss kan ein avslutte turen med å helse på både kaniner og høner. Kansje ligg der nokre egg i rugekassa?
Det er i hovedsak Karianne Ellefsen Skotte og Annemarie Kalvatn som gjennomfører dei ulike rideturane, og tar barna med på nye eventyr.
Vi er veldig glade for å endelig kunne tilby barn og unge denne opplevelsen, og kan med kreativ tenking tilrettelegge om ditt barn trenger det.

Det blir sagt at dagleg omgang med hestar aukar sjølvtilliten, identitetsutviklinga og opplevinga av eiga meistring.
Årsaka er at hestane kan spegle mennesket, og denne peglinga hjelper pasienten å gjenkjenning og tolke sine eigne følelsar (GoMentor, 2020). Hestar kan derfor vere med å gi barn og unge ei verdifull erfaring i å handtere eigne følelsar og handlingar.
Hesten som ser ut til å vere ein god lyttar har ofte ei positiv effekt på dei som er rundt. Dei tar seg alltid tid til litt kos og klem av små barnehender. Vi ser ofte at det er denne stunda barn og unge setter høgast, då dei får dille og kose med dei firbeinte på tunet. Vi legg derfor inn litt ekstra tid til denne nærheita i ridetimane, før vi salar opp og legg ut på tur.
Referanser
GoMentor. (2020, 09 17). www.gomentor.no. Hentet 11 23, 2021 fra Hesteassistert terapi: https://www.gomentor.no/artikler/hesteassistert-terapi

Her på tunet har vi tre rolige tur-kammeratar som passer ypperlig for nybegynnarar. Vi legg sporadisk ut timar, så følg gjerne med på facebook sida vår for meir informasjon – og booking, eller ta kontakt direkte for å vise interesse.
Det koster 300 kr pr barn, pr time og vi tilpasser rideøkta etter ferdigheitsnivå.
