Ei lita gardssag vart etablert i låven på garden i 1978. Denne var i fleire år nytta både til eigen skog og i mindre grad leigesaging. Etter kvart vart saga mindre nytta då andre gjeremål tok over.

Frå rundt 2010 begynte mykje av skogen som var planta i 50-åra å verte hogstmoden og store skogsmaskiner vart meir og meir vanleg rundt omkring. I åra 2015 og 2016 var det hogd mykje granskog i området der Rongasaga er lokalisert. Alt skurtømmer vart sendt til Tyskland medan slipen gjekk til Trøndelag.

Tanken om å etablere ei ny sag vart tent og i 2016 vart ei Norwood HD 36 innkjøpt og installert i eit eldre reiskapshus..

Nokså raskt kom også ei kappsag, Salvador Classic 50, på plass for meir effektiv og nøyaktig kapping.

Etter kvart kom også ei Logosol Låks 500 rammesag på plass for produksjon av bord. Då vart reiskapshuset for lite og dermed forlenga med 11 meter.

Ein Logosol PH260 høvel vart også innkjøpt spesielt med tanke på høvling av bordkledning. Ikkje den heilt store kapasiteten på denne, men grei nok til småskala produksjon.

I 2021 vart både Norwood-saga og rammesaga seld, og ei ny Mebor HTZ 1000 bandsag, BA kvesseapparat, MLD stokkbord,11 meter lang conveyor med tverrutmating både for plank og hun. Planken blir utmata på ein spesiallaga «tverrutmater» (CCO-L). Ny 2,5 tonns gaffeltruck er også tatt i bruk.

Området rundt saghuset er samtidig utvida for meir lagerplass. Saghuset er utvida med ein 3,5 meter brei platting framfor heile lengda av bygget og ei Eberl vacuum -tørke er på plass.

Kvar tømmerstokk vert vurdert individuelt noke som gir ein mykje høgre utnyttelsesgrad enn dagens automatiserte industri-sager.

Rongasaga leverer materialer etter behov, og leverer materialer i dimensjoner som ikkje lenger er dagligdags. Dette er til glede for mange som ønsker å restaurere gamle bygninger og som treng f.eks. 5″ eller 7″ panel.

Rongasaga utfører leigeskjæring, slik som bygdesager alltid har gjort. Skogeigere kan kome med tømmer og hente tilbake ferdig skåret materiale.