Lanseringsdag
Heihei!
Eg må berre starte med å seie tusen takk!!
Vi har fått så mange koselige helsingar og tilbakemeldingar på arbeidet vårt så langt.
Ein kan trygt seie at oppstartsperioden har vore hektisk, men kjekk.
Det har vore lange arbeidsdagar for å gjere uteområdet klart til hestane, hønsehuset klart til hønene, kaninhuset klart til kaninane og ikkje minst kosehjørnet klart til folk.
Det har også vore lange kveldar for å finne ut av dette med heimeside. Det har jaggu ikkje vore lett, og læringskurva har vore bratt. Vi har heldigvis hatt god hjelp langs med, og heimesida tar no endelig form.
Vi ønskjer alle ein riktig fin dag vidare.
