Forstudie

Når vi flytta attende til garden for eit år sidan, hadde eg ikkje trudd at vi kom til å nå så langt, på så kort tid. Det har kome selskapsdyr attende på garden, områder i drifsbygget er pussa opp, og draumen er det tørka støv av.

Den 01.09 sendte vi inn ein søknad om forstudie til omstillingsprogrammet i Sykkylven. Bakgrunnen for denne søknaden var å avklare litt kva som er mogeleg å få til på tunet, og korleis vi eventuelt bør tenke for å møte bygda, turistane og næringslivet på ein god måte.

Visjonen vår er å skape eit raust, opent samskapande og inkluderande gardstun, men vegen dit er krunglete og langt ifrå staka ut. 

Det er krevjande å drive i landbruket, og dyrt å bygje om.

Gleda var derfor stor når vi fekk innvilga midlar til å reise rundt på studietur for å lære av andre, og sjå kva andre har fått til på sine tun. Vi ser verkeleg fram til dette arbeidet, og håper å få avklare ein del uavklarte spørsmål som:

– Kven ønskjer å drive familiegarden vidare?
– Korleis kan vi bruke ressursane på garden?
– Korleis få god økonomi i ulike prosjekt?
– Korleis skape ein berekraftig, inkluderande og attraktiv gardsplass vi kan fortsette å vere stolt av å vere ein del av? 

 

Forstudie

Nyhende