Rasebeskriving

Fjordhesten skil seg frå andre hesterasar ved å ha ei rekke primitive avteikningar. Den er blakk i fargen og har oppreist man med midtstol. Den har dessutan eit mørkt parti i panneluggen og halen, og ein lang ål som går langs ryggrada. Det er heller ikkje uvanlig at fjordhesten kan ha sebrastiper på lemmene, og då helst nedover frambeina.

Avlsmåla til fjordhesten er bredt og langsiktig, der målet er å ta vare på særpreget og mangfeldet i rasen ved reinrasa avl, og ta vare på fjordhesten sine allsidige eigenskapar. Avlen skal behalde den godkjente fargen og primitive avteikna som ofte varierer i forhold til nyansen i fargen.

Fjordingen skal vere blakk, men det er fleir variantar av denne særeigne, blakke fargen. Lys brunblakk som kan vere lys og mørk. Gulblakk, raudblakk, ulsblakk eller gråblakk med ei mørk stripe frå panneluggen, langs ryggen og ut i halen. Dette blir kalla ein ål. Ulsblakk er ein heilt lys farge som har vore svært attraktiv opp gjennom tidene. 

Ei av dei gamle skikkane er måten ein fjording skal bli klipt eller «hogd», som det også kallast. Den mjuke buen på manen framhevar halsens form. Gamledagars tradisjonar sa at når hesten krommet nakken skulle den sjå ut som eit rokkehjul. Sett frå sida skulle manen vere høgast litt forran midt på halsen, og så skråne jevnt og fint mot manken og punktet mellom øyrene. Nokre hestar blir også klipt slik at den mørke stripa i midten er litt høgare enn dei lyse håra på sida. 

Historie

Fjordhesten er ei av dei få tamhestane som har behaldt den spesielle viltfargen med sebrastriper på beina og ål over ryggen. Dette skuldas at det har vore liten innblanding av andre rasar (Ellingsen, 1994). 

Vikingane som reiste til Island hadde hestane sine med seg, og der blei dei ekstra høgt verdsett. Hestane her blei tatt veldig godt vare på, og eigarar som ikkje var snill mot hesten, og hadde dyr som var sky og viste redsel for eigaren, risikerte å bli landsforvist eller lyst fredlaus (Ellingsen, 1994). 

Fjordhesten var ein trofast følesvenn når vikingane reise på plyndringstokt til andre land, men fjordingen blei ikkje berre brukt som krigshest. Dette er ein av dei hesterasane som har gjort mest for landet vårt. Han var ein umerket gardshest, trekkhest, husmannshest, ridehest, kjøyrehest, kløvhest, stashest, og var usedvanleg nøysam. På Vestlandet var terrenget ulendt og gardane små, men den nøysome fjordingen kunne gå ute mesteparten av året, så det var ikkje uoverkommeleg for småbønder å ha ein hest på garden (Ellingsen, 1994).

Vestlandet som heller ikkje var eit typisk landbruksområde brukte hesten meir til ridning og transport enn å trekke plogen. Men livet som gårdshest på vestlandet betydde mykje hardt arbeid. Det var lassevis med stein som skulle ryddast, og det var bratt og ulendt å ta seg fram. Fjordhesten var bondens trofaste sliter, og hans beste venn. Den måtte stellast godt og passast med mykje omtanke. Her på vestlandet var det flest hopper på gardsbruka, da desse kunne brukast i avl og sal av føl (Ellingsen, 1994).

På Østlandet var det harde vintrar med mykje snø, og vanskelegare for hestane å finne mat. Her ville ikkje hoppene klare seg, så bøndene foretrakk hingstar i staden. Den sterke hingsten klarte seg også betre til tømmerkjøring i skogen. På denne tida blei det også sett på som uverdig å kastrere hingstar, så vallakar var det lite av. Dei mista instinkta sine og greidde verken forsvare seg eller finne mat (Ellingsen, 1994). 

Fjordingen i Sykkylven

Tekst kjem.