Bli kjent med dyra vi har på garden i dag!
Islandshestane Vera og Frodi
Vera er ei 21 år gammal islandshoppe som tydelig er flokkens leder. Ho veit å sette gutta krutt på plass, men er gardens største koseklump.
Ho har tidligare vore ein konkurransehest så sett stor pris på ein god galopptur i skogen.
Frodi er gardens kloke herre, og blir ofte brukt for å roe ned dei to hine om dei blir litt ivrig. Han er trygg, stødig og ein god turkamerat. Han elsker kos, oppmerksomheit og takker aldri nei til ein rolig luffetur i skog og mark.
Fjordingen Alvarr
Alvarr er ein fjording på 4 år, som verkelig er gardens sjarmør og utforsker. Som alle små barn er alt nytt og spennande, men dei fleste situasjonar tar han med den største ro. Han elskar kos og oppmerksomheit av alle som kjem til tunet. Han har så vidt starta reisa til å bli kjørehest, og ser fram til å kunne vere med som ridehest også.
Løvehode Lykke og Luna
Lykke og Luna er to kaniner som kan vere litt sjenert, men om du lokker med gulrot eller anna snacks, er dei kosegrisane sjølv.
Luna er den i flokken som gjerne bruker litt tid på å saumfare deg, og sjå om det verkeleg er godteri du har med deg, mens Lykke er lykka sjølv og kjem hoppande for å helse på dei fleste.
